Vår kommune har ei fantastisk beliggenheit mellom byane Kristiansund, Molde og Trondheim.
Dette gir deg moglegheit til å besøkje tre flotte byar med kvar sitt særpreg. Turen mellom byane legg du sjølvsagt via Atlanterhavsvegen. Surnadal er også ein av inngangsportane til Trollheimen, eit eldorado for friluftsliv med jakt, fiske og fjellturar. Under har vi lista opp ein del av det du kan gjere og oppleve i Surnadal. På heimesidene til Thon Hotell Vårsøg finn du også bilder. Verdt å sjekke ut.

 Om du ikkje ynskjer å utforske naturen på eiga hand, so er det mange moglegheiter til å vere med på ulike aktivitetar. Sjekk ut fylgjande heimesider;
www.surnadal-alpinsenter.no
www.trollheimenaktiv.no

www.itrollheimen.no
www.oppogut.com
www.surnadal-golfklubb.no
www.motox.no (Surnadal Motocrossklubb)
www.trkl.no (Trollheimen ride- og kjørelagg)

Om du ikkje har hang til utandørsaktivitetar, eller om vêret ikkje tillet det, so er det to treningssenter i bygda som tilbyr ulike pulsgjevande opplevingar:
Trollheimen Treningseneter, www.trolltrening.no
Surnadal trenings- og velværesenter, www.suvelsenter.no

Foss
Foss
Bygning

Andre lokale attraksjonar:

Svinviks Arboret med over 400 forskjellige Rhododendron. www.nordmore.museum.no

Kårvaten fjellgard, kjendt som eit godt utgangspunkt for fine fjellturar med gode moglegheiter for fjellfiske samt Nord Europas reinaste luft og vatn. Om du googlar Kårvatn fjellgard finn du mykje informasjom om dette evnetyret inst inni i Todalen.  

Trollheimen eit eldorado for opplevelser i fjellet. Snota, Innerdalen med Innerdalstårnet, Knyken og mange fleire.

Skulle du vere av den meir urbane typen, eller berre har lyst til å "shoppe" som det heiter på godt norsk, so fins det moglegheiter til dette òg. Vi anbefalar nesten å bruke bil ettersom handelen strekkjer seg frå utløpet av Surna (Eiksenteret, Hageland og Byggmakker) til Coop'en på Skei. "3" kilometer med butikkar og "midt" mellom ytterpunkta finn du Amfi Surnadal.

Sjekk også ut www.amforadesign.no. Dette er kunstnaren Marianne Fjærviks heimeside. Ho har butikk i det gamle samvirkelaget på Øra. Surnadalsøra nr. 28.

Kunstnaren Ellen Hegg held til i det gamle bedehuset. Her har ho utstillingar og kurs. Sjå www.ellenhegg.info/atelier.

Surnadalsøra Billag AS er også ein stad for opplevingar. Kunstprofessor Jon Arne Mogstad saman med lokalpatriot Martinus Grimsmo står for drifta og har også husvære til utleige. Sjå www.surnadalbillag.com.

Og om dette ikkje er nok, so har vi eit levande kulturhus med kino, utstillingar og konsertar som leverar lokale, nasjonale og internasjonale opplevingar. Sjå www.surnadal-kulturhus.no. 

 


 


Copyright 2010 by Hammerstuene  |  Betingelser for bruk  |  Uttalelse om privatliv  |  Logg inn  |  Registrer
Valid XHTML 1.0 Transitional   Valid CSS!